Berekraft

AS Fiskevegn har fokus på berekraft i vår daglege verksemd. Berekraft består av dei tre dimensjonane Klima og Miljø, Sosiale forhold og Økonomi. Vi meiner oppriktig at alle kan og må bidra i berekraftsarbeidet og vårt motto er at «Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt» for at samfunnet bevegar seg i rett retning.

1 – Berekraftstrategi

FNs 17 berekraftmål er retningsgivande for vår verksemd og vi arbeider for å operasjonalisere desse. Ut i frå dei tre dimensjonane Klima og Miljø, Sosiale forhold og Økonomi har vi identifisert følgande berekraftsmål som dei særskilde aktuelle for AS Fiskevegn:

Mål nr 14 – Livet i havet

– er knytt opp mot kjerna av vår verksemd der vi tek ei aktiv rolle i arbeidet med å redusere havforureining og marin forsøpling og bidreg til berekraftig forvaltning av havets ressursar.

Mål nr 12 – Ansvarleg forbruk og produksjon

– vi fokuserar på gjenbruk og gjenvinning av ressursar, samt jobbar for å byte ut belastande innsatsfaktorar med mindre belastande.

Mål nr 4 – God utdanning og livslang læring

– Vi legg til rette for kompetanseutvikling for alle tilsette, samt at vi er godkjende læreverksemder som bidreg til utvikling av fagarbeidarar.

Mål nr 9 – Industriell innovasjon

– Vi jobbar kontinuerleg med forbetringar og teknologisk utvikling for å auke ressursutnyttinga og fremje næringsutvikling.

Mål nr 11 – Berekraftig lokalsamfunn

– Ved å vere lokalisert på Flatraket bidreg vi til at regionen er eit berekraftig lokalsamfunn.

Mål nr 17 – Samarbeid for å nå måla

– Er den raude tråden i berekraftsmåla der mange gjer litt som igjen gjer at verdssamfunnet bevegar seg i rett retning.

2 – Berekraftsarbeid:

Vi jobbar kontinuerleg med å gjere produkta våre meir berekraftige. Produkta skal tilføre verdi for kundane våre, vi skal gjere det vi kan for å ivareta sosiale forhold i heile verdikjeda, samt at vi skal redusere den negative miljøbelastninga av våre produkt.

Her er eit utdrag av resultat frå vårt berekraftsarbeid.

COLTO – Coalition of Legal Tootfish Operators

Vi er stolte medlemer av COLTO. Denne organisasjonen er basert på berekraftig forvaltning og fangst av tannfisk i sørishavet. Det er høgt fokus på berekraftig fiske og reduksjon av uønska konsekvensar. Vi har mellom anna utvikla line med integrert vekt som gjer aukar synkehastigheta. Resultatet er redusert antall drukna sjøfugl, samt eit meir effektivt fiske der lina kjem til botnen raskare. Vi har også utarbeida ei meir miljøvenleg impregnering som blir nytta i Sørishavet.

colto.org

Impregnering

Tjærebehandlinga er bytta ut med meir miljøvennlig produkt enn den svartkoltjæra som vart nytta tidlegare.

AS Fiskevegn var tidlig ute med å bytte ut tjærebehandlinga med Bitumen, som er eit meir miljøvennleg produkt enn svartkoltjæra som var nytta frå oppstarten og som framleis er brukt i utlandet. AS Fiskevegn tok dette enda et steg vidare i det vi starta å bruke Appretan-impregnering til Sørishavs kundear.

AS Fiskevegn har fokus på å levere produkt som reduserar eksponeringa for fiskere i kvardagen.

Gjenbruk av garnfellingar

Vi har stort fokus på gjenbruk av garnfellingar og garnbussar. Her samarbeider vi med ASVO Måløy om reinskjering og klargjering av fellingar for ny montering.  Brukte garnbussar går til resirkulering. Vi mottok årets  brubyggarpris frå ASVO i 2018 for dette samarbeidet. Dette er eit viktig samarbeid både for miljøet og inkludering i arbeidslivet.