Ny dagleg leiar

publisert 3 oktober, 2024 KL. 14:43

Børge Kvinge blir ny dagleg leiar i Fiskevegn fra 1. desember.

Bildet viser mørkhåret mann med hvit skjorte og briller.
Bildet viser mørkhåret mann med hvit skjorte og briller.

– Vi er veldig nøgde med at Børge har takka ja til denne jobben. Kvinge vil også få ansvar for dotterselskapa  Best Fishing Gear AS, Storvika AS og Flatraket Industribygg AS og dessutan Fiskevegn sin del av Magistr Fiskevegn Group (MGF) i Latvia, seier styreleiar Hans Mustad i meldinga.

Børge Kvinge erstattar Trond Leira som vart tilsett som midlertidig dagleg leiar i sommar.
Kvinge kjem frå stillinga som senior bedriftsrådgjevar i Måløy Vekst og er busett på Nordfjordeid. Han har brei erfaring innan dei fleste fagfelt, slik som IT, logistikk, men med hovudvekt på sal og marknadsføring. Han har blant anna vore dagleg leiar i Puma Norge AS og salgsdirektør i Hurtigruten AS.  Han har også lange periodar arbeida som konsulent og leiar for oppstartselskap.

Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på jobben med å leie selskapet. Det blir spennande å kunne vere med å vidareutvikle eit lokalt selskap med eit sterkt internasjonalt merkenamn og med ei lang og imponerande historie, seier Kvinge som formelt overtek stillinga 1. desember. Det er imponerande at eit lokalt produksjonsselskap kan ha ein sterk internasjonal tilstedeværelse og med marknadsleiande produkt.