Leiande produsent av linesystem

AS Fiskevegn er ein global aktør i produksjon og sal av line og fiskereiskap til profesjonelt fiskeri, samt detaljhandel via butikkutsal i Ålesund.

Selskapet er lokalisert på Flatraket i Stad kommune og har salskontor og butikkutsal i Ålesund.

Flatraket Industribygg AS og Storvika AS er eigedomsselskapa som verksemda er lokalisert i på Flatraket og i Ålesund.

Det er totalt ca 40 medarbeidarar i konsernet.

Dotterselskapet Best Fishing Gear (BFG) er utviklar og produsent av BFG-Line autolinesystem, samt produsent av mekaniske komponentar.

Magistr Fiskevegn Group (MFG) er eit dotterselskap i Latvia der AS Fiskevegn eig 50% av aksjane. MFG produserar råvarer og produkt som går inn i produksjon og verdikjede. MFG har ca 70 tilsette.

Selskapet er eigd 50% av Helge Solheim Holding AS og 50% av Mustad Sealine AS.

Fiskevegn er ein global leverandør med god tillit i marknaden. Vi produserar produkt av høg kvalitet og har eit godt samarbeid med våre partnarar. Vårt produktutval gjer at vi er totalleverandør og vi tilstrebar å vere leveringsdyktige på rett produkt til rett tid.

Vi er einaste lineprodusent med europeisk produksjon.

Framtid

Vi skal vidareutvikle oss til å tilby innovative, berekraftige produkt på den globale marknad i godt samarbeid med våre leverandørar, samarbeidspartnarar og kundar. Vår verksemd skal vere solid forankra i Nordfjord.

Visjon

Vår visjon er å vere ein verdsleiande produsent av line for berekraftig profesjonelt fiske.

Vår misjon er å vere totalleverandør av moderne løysingar til den nasjonale og internasjonale fiskeflåten innan bransjesegmentet botnfast reiskap. Vi skal ha eit tett samarbeid med våre samarbeidspartnarar, leverandørar og kundar, samt at vi skal være aktive på produktutvikling og innovasjon.

Vårt arbeid med Åpenhetsloven

AS Fiskevegn arbeider aktivt for å sikre at vi etterlever og respekterer grunnleggande menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold i eiga verksemd og i vår leverandørkjede.

Åpenhetslova skal sikre offentligheta tilgong til informasjon om korleis vi arbeider med dette.

Selskapet har utarbeida interne retningslinjer og arbeidsprosessar for å sikre at vi etterlever lovkrava. Lova er bygd på OECDs retningslinjer for flernasjonale verksemder. Eit hovedmål med OECDs retningslinjer er at næringslivet skal bidra til berekraftig utvikling. Retningslinjene har tydelege forventningar til næringslivets aktsomhet på område som menneskerettighetar, arbeidstakarrettighetar, miljø, antikorrupsjon og åpenhet. Eit sentralt element i OECDs retningslinjer er forventingar om at selskapa gjer aktsomhetsvurderingar for å unngå skade på mennesker, samfunn og miljø.

Førespørsel om innsyn i vårt arbeid med Åpenhetslova sendast til post@fiskevegn.no

AS Fiskevegn Åpenhetsrapport 2023

AS Fiskevegn Åpenhetsrapport 2024

 

BFG

Allereie høsten 1998 startet AS Fiskevegn med utvikling av automatiske linemaskiner, behovet for å skille det ut som egen bedrift, viste seg fort. Derfor vart det i februar 1999 stiftet ny bedrift, Best Fishing Gear AS, eller bare BFG.

Historia vår

Forløparen til Fiskevegn starta på Barmen i 1968. AS Fiskevegn blei stifta 10. januar 1973 på Vederhus i Selje kommune. Flytta til noverande lokasjon på Flatraket i 1982, med Stadhavet som næraste nabo. Mange av våre tilsette har lang erfaring frå arbeid om bord i fiskebåtar, både i innland og utland.

Visjon og verdier

For oss i Fiskevegn er det viktig å følge opp kundene våre. Vi yt allsidig service og ei rekkje tenestar, frå garnmontering, service og ettersyn av linesystem – til prosjektplanlegging og fiskeriutvikling i stor skala.

Medlemskap og samarbeid

Fiskevegn jobber i dag med flere industriaktører, myndigheter og NGOer for å eliminere ulovlig fiskeri og jobber for økonomisk levedyktige og bærekraftige løsninger mot tryggere, renere hav.

Vi leverer internasjonalt

Fra New Zealand og antarktisk fiske, markedene i Alaska, til levering av liner og krok i Europa og Norge, har Fiskevegn en sterk tilstedeværelse over hele verden.